
Ung i politikken - møt stortingsrepresentantene Agnes og Hashim
Om eventet
🔥 UNG I POLITIKKEN 🔥
Har du lurt på korleis det eigentleg er å vere ung og engasjert i norsk politikk? Kva skal til for å bli høyrt, og korleis er det å stå midt i debatten før ein eingong har fylt 30?
Bli med når me inviterer til ein open og ærleg samtale med to unge stemmer frå norsk politikk:
🎤 Agnes Nærland Vilgrein
🎤 Hashim Abdi
Samtalen blir leia av Aleksander Nawrasala, og vi lovar ein kveld fylt med gode refleksjonar, engasjement og kanskje nokre overraskingar undervegs.
Arrangementet er ope for alle studentar – du treng ikkje vere medlem eller ha peiling på politikk frå før. Dette er for deg som er nysgjerrig, som lurer på korleis du sjølv kan engasjere deg, eller som berre vil ha ein triveleg kveld med gode samtalar (og god pizza 🍕).
📅 Dato: 17. august, kl. 18:00–20:00
📍 Stad: LO Hjørnet
💰 Pris: Heilt gratis – og pizza blir servert!
⚠️ Hugs å trykke "Skal" slik at vi veit kor mange vi skal bestille pizza til, me vil ikkje at nokon skal gå svoltne heim!
Ta med ein venn og bli med på ein kveld der politikk blir litt meir nært, litt meir menneskeleg – og litt meir gøy! Vi sest der 🙌
Relaterte eventer

onsdag 16. september 2026
Studentdag på Skatten Oslo
–
Oslo, Skatten på Tøyen Torg
Skatten Oslo i samarbeid med SiO

lørdag 19. september 2026
Studentdag på Fjellstua 🥌
–
Oslo, Fjellstua
Megazone & Fjellstua i samarbeid med SiO

lørdag 19. september 2026
Telttur til Store Åklungen🔥🔥🩳🎣
–
Oslo, Oppmøte: Norges Musikkhøgskole, Slemdalsveien 11
NMHs Turforening
