Hopp til hovedinnhold
Foto av forestillingen

2002 ntoro yume

Det Norske Teatret i samarbeid med SiO

Oslo, Det Norske Teatret

Studentpris: 180 kr

Om eventet

Tidleg på 2000-talet såg framtida lys ut – prega av teknologioptimisme og tru på framgang. I dag opplever mange det motsette. Korleis enda vi opp her?

Er det tilfeldig at dei som vinn krigane, er heltane i historia? Og kven skriv historia? Er vi berre, slik «ntoro» frå Ashanti-folket trur på, eit resultat av vala til forfedrane våre? Klarer vi berre å sjå fortida i framtida, har vi slutta å drøyme, å ha ein «yume»? Kva anna enn at Halle Berry vann Oscar skjedde eigentleg i 2002?

Y2K-nostalgi
I framsyninga 2002 ntoro yume utforskar regissør Tani Dibasey og videoregissør Io Sivertsen nostalgien som pregar unge i dag. Mange søkjer tryggleik i kultur frå tusenårsskiftet – musikk, film og teknologi – og lengtar etter ei tid dei sjølve ikkje opplevde.

På scenen møter vi fem menneske som klamrar seg til fortida for å sleppe å forholde seg til ei utrygg samtid. Gjennom referansar til filmar som Kill Bill, Matrix og Charlie’s Angels, stiller framsyninga spørsmål om fortid, historie og draumar.

Tre alternativ – eitt val
Publikum får utdelt headset og må velge mellom tre lydspor. Du vil kunne oppleve den trippy og action-packa filmen 2002 ntoro yume på den eine kanalen, eller den nære og djupe 2002 ntoro yume-samtalen på den andre. Alternativt kan du kople av med bonuskanalen og berre høyre på nokre bangers via 2002 ntoro yume radio. Kvar framsyning blir unik – og du må velje di eiga historie.

⏰ Varigheit: Ikkje avklart enno

💰 Studentpris (opp til 35 år): kr 180

(Ord. pris: kr 360)

🌟 PS. Vil du ha superbillige teaterbillettar? Bli medlem av Yngda!

Yngda er for deg som er mellom 15-25 år og interessert i teater. Som medlem i Yngda får du Teaterbillettar til 150 kr og informasjon om det som skjer på og bak scenen. Det er heilt gratis å vere med i Yngda.

Denne nettsiden bruker infokapsler (cookies) for å sørge for at nettsiden fungerer riktig, og til å analysere trafikk gjennom Google Analytics.

Les mer om vår bruk av informasjonskapsler