Hopp til hovedinnhold
Plakat for arrangementet «Hurtigintroduksjon til Oslopolitikk» med dato 20. august kl. 18–20 på Peoples, med bilder og navn på flere folkevalgte deltakere fra Oslo Arbeiderparti og AUF Studentene.

Hurtigintroduksjon til Oslo-politikk

Oslo, Arbeidersamfunnets plass 1

Universitetet i Oslo

Om eventet

🏙️ HURTIGINTRODUKSJON TIL OSLOPOLITIKK 🏙️

Kva er eigentleg Grünerløkka kjent for? Kven bur på Nordstrand? Og kva utfordringar slit dei med på Stovner? Uansett om du nettopp har flytta til Oslo eller har budd her heile livet, er det mykje du kanskje ikkje visste om bydelane rundt deg.

Bli med på ein hurtig gjennomgang av fleire av Oslo sine bydelar, der folkevalde tek deg gjennom kva som kjenneteiknar akkurat deira bydel:

🎤 Eduardo Mezzanotti-Camerini
🎤 Agnes Nærland Viljugrein
🎤 Mads Kvaløy Bjørbekk
🎤 Maria Qureshi
🎤 Johanne Tunes
🎤 Abdullah Aslabeegh
🎤 Tamina Sheriffdeen Rauf

For kvar bydel får du høyre kven som bur der, kva som gjer han unik, og kva utfordringar dei står ovanfor i dag. Ei rask og engasjerande innføring som gjer deg klokare på byen du bur i – uansett om det er ny eller kjend heimebane.

Arrangementet er ope for alle studentar – ingen forkunnskapar nødvendig!

📅 Dato: 20. august, kl. 18:00–20:00
📍 Stad: Peoples
💰 Pris: Gratis inngang – ope for alle studentar

Denne nettsiden bruker infokapsler (cookies) for å sørge for at nettsiden fungerer riktig, og til å analysere trafikk gjennom Google Analytics.

Les mer om vår bruk av informasjonskapsler